Dyra er kortbeinte og kompakte bygde. Fullvoksne okser veg ca 800 – 1000 kg. Kyr 500-550 og nyfødte kalvar 32-35 kg. Dei kan og verta svært gamle. 20 år er ikkje uvanleg, og i Danmark er det registrert kyr som er over 25 år gamle, og som har hatt kalv kvart år. Eit anna rasesærpreg er dei relativt lange dekkhåra og dei kortere underhåra, noko som gjer den ekstra hardfør. Ein rase som ikke har dobbelt hårlag treng normalt 20 – 25% meir for gjennom vinteren. Den nyfødde kalven klarer seg og svært godt under de verste værforhold, noko som blant anna skuldast at fettprosenten i mjølka aukar ettersom temperaturen og værforholda forverrar seg.
Galloway egner seg best til ekstensiv drift. Dei har ikkje si sterkaste side på veksthastighet, men kan til gjengjeld produsera til låge kostnader. Kjøttkvaliteten hos Galloway er meget god. Fettprosenten er lav, og kjøttet er i stor grad marmorert. Testing ved Olds Agricultural College viser over ein ti års periode at Galloway er den rasen som har størst tilveks på minst mengde for. Samstundes viser studier ved Mols laboratoriet i Danmark at Galloway er den storferasen som kan nyttiggjera seg av flest typer plantemateriale.
Finnes i mange fargevarianter
Den svarte utgaven skal væra den mest opprinnelege. Den kan og bæra gen både for rød og det som Skottene kaller «dun» en gul eller kvit utgave med svart mule, øyrer, sokker og spener. Den mest karakteristiske er imidlertid Belted Galloway som er svart med et breitt kvitt belte rundt heile midja.
Det førekjem og dunbelted som då er gråbrun med kvitt belte og rødbelted. Denne siste er svært sjelden. Belted Galloway har entusiaster over heile verda og går under kjælenavnet»belties».